Inga S. Søreide

Velkommen til utstilling: 19. september til 10. oktober i Kunsthallen, Stord kulturhus!

11228533_10152969903635807_238811663499765576_o

Opning laurdag 19. september kl. 12.00 Då vil Kunstnaren sjølv presentera kunsten. Dei som berre vil sjå sjølve utstillinga kan kome kl. 13.00.

Gratis på opninga.

Me oppmodar skular til å ta kontakt for å sjå utstillinga på dagtid. Kontakt: Kristine.thorkildsen@stord.kommune.no/ 97 55 20 99.

Elles ope: Tysdagar og torsdagar: kl. 18-20. Laurdagar: kl. 12-14

Inga S. Søreide (1982) er fødd på Stord, men bur i Bergen by. Ho jobbar innan eit mangfald av skulpturelle og todimensjonale utrykk, som ofte blir kombinert med installasjonar, objekt, film, teikning og måleri. Virket hennar er prega av det kroppsnære, sanslege og det menneskelege i møte med natur. Gjennom å ha ein eksperimenterande prosess og utforsking av materiale i kombinasjon med handverksbaserte tradisjonar, som modellering og støyping, blir objekta forma etter materiala sine eigne kvalitetar.

I det siste har ho jobba med problemstilling som handlar om overgangar, transformasjonar og spor. Tema som fenomenologi, metafysikk og ritual er sentrale.

Til utstillinga i Stord Kunstlag vil ho syna skulptur, måleri, teikning og video.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s