Stord kunstlag ser fram til ein god start på kunståret hos oss i 2017. Me startar med Årsmøte den 20. februar kl 19.00 i Stord kulturhus, der nytt styre blir konstituert. Alle som ynskjer å delta er hjarteleg velkomne.
I april arrangerer me eit festfyrverkeri av ei utstilling med Stord-kunstnar Bettina Hvidevold Hystad og makkeren hennar Simon Torssell Lerin. Utstillinga opnar den 29. april og varer til den 14. mai.
Kvar sommar gler me oss til å ta imot Høgskulen på Vestlandet sine studentar på Kunst- og handverk si Forskings- og utviklingsutstilling (FOU), i Kunsthallen i Stord kulturhus. Utstillinga opnar i midten av juni.