Undress my ego

Med utgangspunkt i fenomenet kollektiv ansvarsfraskriving i møte med klimaendringar og menneskeleg utnytting lager tekstilkunstar Janne Robberstad, foto/performance-kunstnar Ida Fugli og scenekunster/forteljar Sara Birgitte Øfsti en performativ utstilling som setter søkelyset på vårt forhold til klede. Premieren er lagt til kvinnedagen 8. mars og er årets ”Kvinneutstilling” på Stord kunstlag. Utstillinga er samansett av ulike måtar å oppleve tekstil på, formidla gjennom ulike media, som et sedimentert materiale bygd opp av samanvevde trådar; som eit tekstil. Det gjennomgåande spørsmålet er kor langt det er mogleg å dra apatien rundt vår utnytting av naturen og menneske og kor langt me er villige til å gå for å sleppe å gjøre endringar rundt eige forbruk og komfort?

https://www.facebook.com/events/479472952447770/

Ny kunstvår i kunstlaget

zoetrope2

Stord kunstlag ser fram til ein god start på kunståret hos oss i 2017. Me startar med Årsmøte den 20. februar kl 19.00 i Stord kulturhus, der nytt styre blir konstituert. Alle som ynskjer å delta er hjarteleg velkomne.

I april arrangerer me eit festfyrverkeri av ei utstilling med Stord-kunstnar Bettina Hvidevold Hystad og makkeren hennar Simon Torssell Lerin. Utstillinga opnar den 29. april og varer til den 14. mai.

Kvar sommar gler me oss til å ta imot Høgskulen på Vestlandet sine studentar på Kunst- og handverk si Forskings- og utviklingsutstilling (FOU), i Kunsthallen i Stord kulturhus. Utstillinga opnar i midten av juni.

Rakel Elice Huglen

Opning i Stord kulturhus laurdag 17. september kl. 12:00 med musikk av André Eide.

Stord kunstlag viser tekstiltrykk, silketrykk, objekter og video frå Rakel Elice Huglen i denne utstillinga som gjev tydelega assosiasjonar til det arktiske landskapet Rakel jobbar i til dagleg. Rakel er oppteken av ulike aspekt ved fenomenet tid; spor etter tid som har vore, tida som er nett no og transformasjon som resultat av tid.

Tidlegare har Rakel stilt ut verka sine på Galleri Giga og under Stord kunstlag si Kvinneutstilling, og har hatt fleire utsmykkingsoppdrag for Universitetet i Bergen.

Kvinneutstillinga 2016

Velkommen til kvinneutstillinga 8/3 – 18/3 og 29/3 – 9/42016!  Utstillingsstad er i år Sunnhordland museum. 

Den internasjonale kvinnedagen 8. mars startar klokka 18.00 då toget går frå Torget og opp til museet. Utstillinga opnar kl 18.30 etter at toget har kome fram til museet. Etter opninga talar hovedtalar gynekolog og bloggar Pernille Nylehn. Internasjonal appel med Ingvild Moe Larsen. mMokkat Vokalensemble vil framføre ein hyllest til kvinnene. For meir informasjon sjå:https://www.facebook.com/events/429300520606025/

I år har me fått med oss fem kvinnelige kunstnarar som alle kjem frå eller bur i Sunnhordland. Janne Robberstad frå Bømlo, Sanita Balode bur på Tysnes, Rigmor Nygård, Turid Vikene og Anneli Belsvik Aras frå Stord. Dei stiller med måleri, foto, keramikk og broderi.

Utstillinga er open i museet sine opningstider måndag til fredag frå 08.00 -15.30. I tillegg er ho også ope torsdagar frå 18.00 til 20.00 og laurdagar frå 12.00- 14.00 i periodane 8/3 – 18/3 og 29/3 – 9/4 2016

kvinneutstillinga

Foredrag om Makt og magi av Nina Denney Ness

Torsdag 4.februar, kl. 19.00 kjem kurator Nina Denney Ness frå Nasjonalmuseet til Stord.

Ho skal fortelja om utstillinga Makt og magi i kunsthallen i Stord kulturhus.

Utstillinga har ope kl. 18-20 tysdagar og torsdagar og laurdagar kl. 12-14 fram til 20. februar. Inngang 50 kr. Medlemmar av Stord kunstlag; gratis.

Velkommen!

 

Makt og magi. Snorre og Ringenes herre.

tittelmaktogmagi16-92

Gandalf og Odin, Eowyn og Gyda, Lady Galadriel og Dronning Ragnhild. Ringenes Herre-filmene har klare likhetstrekk med Snorre Sturlasons Kongesagaer. Det er det blitt utstilling av.

Nasjonalmuseets vandreutstilling «Makt og magi. Snorre og Ringenes Herre» kommer til Stord.

Utstillingsåpning er lørdag 9. januar 2016 kl. 12.00 i Kunsthallen i Stord kulturhus. Velkommen!

Se ekte illustrasjoner til Snorres Kongesagaer. Sving et vikingsverd, prøv en vikinghjelm og sitt i en kongestol!

Utstillingen bygger på forskningsfunn som for første gang påviser slående likheter mellom filmsscener i Ringenes Herre, basert på J. R. R. Tolkiens bok av samme tittel, og illustrasjoner til 1899-utgivelsen av Snorres Kongesagaer.

Ved å utforske dette slektskapet, som både er av visuell og innholdsmessig karakter, belyses Snorre-illustrasjonenes tilhørighet til fantasy-sjangeren.

Illustrasjonene til Snorres Kongesagaer er tegnet av Halfdan Egedius, Christian Krohg, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen, Erik Werenskiold og Wilhelm Wetlesen.

Vises i Stord kulturhus fra 9. januar til 20. februar.

Vikinger 07