Medlemsutstillinga 2015

Medlemsutstilling3

Kunstlaget feirar 45 år med rekordutstilling

I år er Stord kunstlag 45 år, og feirar både med ny logo og rekordpåmelding til Medlemsutstillinga 2015.

Me har i år fått med koret Corona til å syngja og Ottar Tvedten, som i si tid laga logoen, til å vera med på opninga av Medlemsutstillinga torsdag 12. november kl18.00. Tvedten vil i lag med Cristiane Velloso Hamnes i kunstlaget fortelja om gamal og ny logo. Me håpar at med ny logo og strategi kan engasjere fleire publikummarar.

Utstillinga inneheld dei beste kunstverka til 30 av medlemmene i Stord Kunstlag. Nokre har vore med i fleire år, samt ein del som er heilt «ferske». Aldersspennet er frå 13 år til over 70 år.

Dei fleste verka er for sal og me reknar med at det vil vera noko for einkvar smak, foto, bilete, skulptur, teikning for å nemne nokre av uttrykka. Me er glade for at så mange stiller ut verka sine. Alle har sitt eige særpreg, og kombinasjonen av alle verka gjer dette til ein spennande utstilling.

Medlemsutstillinga er Stord kunstlag si mest populære utstilling. Den vert arrangert annakvart år og alle som er medlem er invitert til å stilla ut.

Utstillinga er open frå 12. november til 28.november, Tysdsg og torsdag frå klokka 18 til 20 og laurdag klokka 12 til 14.

Reklame

Bli med på medlemsutstillinga!

medlem333

No er det tid for påmelding til medlemsutstillinga vår 12. – 28. November 2015 i Stord kunstlag! Me håpar du vil bli med!

Alle som er medlemmar og som sjølve lagar kunst – som til dømes teikning, måleri, kunsthandverk, foto m.v. kan få stilla ut i lag med andre medlemmar i Kunsthallen i Stord kulturhus.

Ønskjer du å bli med på medlemsutstillinga vår ta kontakt på mail: stordkunstlag@gmail.com innan 22. oktober. Da vil me senda deg meir informasjon og lenke for påmelding på mail.

Ps: Om du kjenner nokon som vil delta på medlemsutstillinga som ikkje er medlem, kan dei også bli medlem ved å ta kontakt med oss!

Inga S. Søreide

Velkommen til utstilling: 19. september til 10. oktober i Kunsthallen, Stord kulturhus!

11228533_10152969903635807_238811663499765576_o

Opning laurdag 19. september kl. 12.00 Då vil Kunstnaren sjølv presentera kunsten. Dei som berre vil sjå sjølve utstillinga kan kome kl. 13.00.

Gratis på opninga.

Me oppmodar skular til å ta kontakt for å sjå utstillinga på dagtid. Kontakt: Kristine.thorkildsen@stord.kommune.no/ 97 55 20 99.

Elles ope: Tysdagar og torsdagar: kl. 18-20. Laurdagar: kl. 12-14

Inga S. Søreide (1982) er fødd på Stord, men bur i Bergen by. Ho jobbar innan eit mangfald av skulpturelle og todimensjonale utrykk, som ofte blir kombinert med installasjonar, objekt, film, teikning og måleri. Virket hennar er prega av det kroppsnære, sanslege og det menneskelege i møte med natur. Gjennom å ha ein eksperimenterande prosess og utforsking av materiale i kombinasjon med handverksbaserte tradisjonar, som modellering og støyping, blir objekta forma etter materiala sine eigne kvalitetar.

I det siste har ho jobba med problemstilling som handlar om overgangar, transformasjonar og spor. Tema som fenomenologi, metafysikk og ritual er sentrale.

Til utstillinga i Stord Kunstlag vil ho syna skulptur, måleri, teikning og video.

Tilbud fra Hageselskap Stord! Monets Hager

MONETS HAGER. Etter årsmøte15 oktober kl 18 for medlemmer vert det foredrag om Monets hager, ved Bjarne Thune. Foredraget starter kl 19 i Stord Ungdomshall og passer både for dei som er interresert i hage eller det meir kunstneriske. Det vert kaffi og kaker, åresal med flotte gevinstar. Ope for alle. 40,- for medlemmar, 60,- for andre. Velkomen!

Sjå meir info her:

Haustutstillinga 2014 til Stord kunstlag fra 14. semptember

Me var en av 30 kunstlag i Noreg som fikk haustutstillinga: «Sekvenser – ny norsk videokunst fra Høstutstillingen».
Openingstid: 14. – 30. september, frå kl.9.00 – 20.00 (Ope så lenge kulturhuset er ope).

Om Høstutstillingens videoprogram
Videokunsten vi ser på Høstutstillingen viser stor bredde i uttrykk, og spenner fra det dokumentariske til eksperimentell fiksjon og narrativ kortfilm. Varigheten på videoprogrammet er mellom 45 til 60 minutter og antallet kunstnere og verk varierer fra år til år. Felles er likevel en unik evne til å formidle kunstneriske ytringer gjennom levende bilder. De sosiale og politiske spørsmålene kunstnerne tar opp speiler samtiden, og vi mener derfor at videoprogrammet har en direkte relevans for folk flest. Videoarbeidene som blir valgt ut til Høstutstillingen holder høy kunstnerisk standard i internasjonal sammenheng. I 2012 ble videoprogrammet for eksempel valgt ut som en del av Rencontres Internationales Paris/Berlin/Madrid, Noveau Cinema & Art Contemporain, en omfattende utstilling av videokunst og eksperimentell film vist på Palais de Tokyo i Paris. I 2013 inngikk Høstutstillingen et prøvesamarbeid med Norske Kunstforeninger som resulterte i at Høstutstillingens videoprogram for 2013 ble vist ved 26 kunstforeninger og kunstlag over hele landet høsten 2013 og våren 2014.

Meir info: https://www.facebook.com/events/1505512593012408/

10443988_10152228466261319_3193847422781246435_n

Slik kan du støtte Stord kunstlag – ditt lokale kunstsamfunn

Slik registrerar du koret som grasrotmottakar:

Send en SMS til 2020 med teksten: «GRASROTANDELEN 975617424»

 

Alternativt

Gjev beskjed til din tippekommisjonær – eller registrer det sjøl på nettet

(Stord kunstlag sitt org.nr. er: 975617424)

Grasrotordninga
Som spelar hos Norsk Tipping kan du velje eit lag eller ei foreining som du ønskjer skal få mota ein støtte tilsvarande fem prosent av det beløpet du spelar for fra Norsk Tippings Grasrotmidlar. Har du for eksempel spelt for kr 100 på Lotto gir Norsk Tipping fem kroner til den mottakaren du sjølv har knyta til deg. Det er verdt å merke seg at det ikkje går av din innsats eller premie, men av overskotet frå Norsk Tipping.

Skulle du allereie ha valt eit anna lag eller foreining enn Stord kunstlag, står du fritt til å byte til oss som mottakar når som helst.

Me håpar alle medlemmane i Stord kunstlag vil støtta oss!

Malekurs: Portrettkurs ved Jan-Ove Tuv

Malekurs ved Jan-Ove Tuv 12 September – 14 September. Kunstsalen i kjelleren på Kulturhuset (Leirvik)

12 September – 14 September:
Fredag 17-21
Lørdag 10-16.30
Søndag 10-14.30

Vi maler etter en reproduksjon av et Nerdrumportrett.
Jan-Ove maler sammen med elevene, i tillegg til å gi individuell tilbakemelding. På slutten av hver dag går alle gjennom hva dere har lært, slik at dere husker det bedre.

Pris pr. deltager: 3.200,-

Påmelding meir info:
• E-post: malekurstuv@gmail.com
• Tlf.: 900 59 179
• FB: melding til Jan-Ove Tuv  https://www.facebook.com/events/312575192237101/

Kurs og utstillingar framover

Aktiviteter:

Her er utstillingane framover:

  • Kari Steihaug Arvik: De ufullendte  9.10.14 – 30.10.14.
  • Nasjonalmuseet Eventyrlig  28.3.15 – 7.5.15
  • Stord kunstlag Medlemsutstillinga 2015  Nov/des 2015
  • Nasjonalmuseet Blindsone  9.6.16 – 7.8.16

Utstilling + Foredrag @ kunsthallen

Velkomen til oss på laurdag 28. sept kl.12.00 i Kunsthallen. Det er offisiell opningen av Salte Kyss utstilling med kunstnar Shwan Dler Qaradaki, som skal også holde foredrag.

SALTE KYSS er 3 filmar (ca 30 min kvar) som fortel korleis det er å vere flyktning i Noreg. Filmene handlar om flukt, sakn, tilhøve og identitet i eit fleirkulturelt Noreg.

Få en smakebitt her:
Salte kyss I, Salte kyss II, Salte kyss III