Utstillingsopning 29. april

Reklame

Ny kunstvår i kunstlaget

zoetrope2

Stord kunstlag ser fram til ein god start på kunståret hos oss i 2017. Me startar med Årsmøte den 20. februar kl 19.00 i Stord kulturhus, der nytt styre blir konstituert. Alle som ynskjer å delta er hjarteleg velkomne.

I april arrangerer me eit festfyrverkeri av ei utstilling med Stord-kunstnar Bettina Hvidevold Hystad og makkeren hennar Simon Torssell Lerin. Utstillinga opnar den 29. april og varer til den 14. mai.

Kvar sommar gler me oss til å ta imot Høgskulen på Vestlandet sine studentar på Kunst- og handverk si Forskings- og utviklingsutstilling (FOU), i Kunsthallen i Stord kulturhus. Utstillinga opnar i midten av juni.

Kvinneutstillinga 2016

Velkommen til kvinneutstillinga 8/3 – 18/3 og 29/3 – 9/42016!  Utstillingsstad er i år Sunnhordland museum. 

Den internasjonale kvinnedagen 8. mars startar klokka 18.00 då toget går frå Torget og opp til museet. Utstillinga opnar kl 18.30 etter at toget har kome fram til museet. Etter opninga talar hovedtalar gynekolog og bloggar Pernille Nylehn. Internasjonal appel med Ingvild Moe Larsen. mMokkat Vokalensemble vil framføre ein hyllest til kvinnene. For meir informasjon sjå:https://www.facebook.com/events/429300520606025/

I år har me fått med oss fem kvinnelige kunstnarar som alle kjem frå eller bur i Sunnhordland. Janne Robberstad frå Bømlo, Sanita Balode bur på Tysnes, Rigmor Nygård, Turid Vikene og Anneli Belsvik Aras frå Stord. Dei stiller med måleri, foto, keramikk og broderi.

Utstillinga er open i museet sine opningstider måndag til fredag frå 08.00 -15.30. I tillegg er ho også ope torsdagar frå 18.00 til 20.00 og laurdagar frå 12.00- 14.00 i periodane 8/3 – 18/3 og 29/3 – 9/4 2016

kvinneutstillinga

Foredrag om Makt og magi av Nina Denney Ness

Torsdag 4.februar, kl. 19.00 kjem kurator Nina Denney Ness frå Nasjonalmuseet til Stord.

Ho skal fortelja om utstillinga Makt og magi i kunsthallen i Stord kulturhus.

Utstillinga har ope kl. 18-20 tysdagar og torsdagar og laurdagar kl. 12-14 fram til 20. februar. Inngang 50 kr. Medlemmar av Stord kunstlag; gratis.

Velkommen!

 

Slik kan du støtte Stord kunstlag – ditt lokale kunstsamfunn

Slik registrerar du koret som grasrotmottakar:

Send en SMS til 2020 med teksten: «GRASROTANDELEN 975617424»

 

Alternativt

Gjev beskjed til din tippekommisjonær – eller registrer det sjøl på nettet

(Stord kunstlag sitt org.nr. er: 975617424)

Grasrotordninga
Som spelar hos Norsk Tipping kan du velje eit lag eller ei foreining som du ønskjer skal få mota ein støtte tilsvarande fem prosent av det beløpet du spelar for fra Norsk Tippings Grasrotmidlar. Har du for eksempel spelt for kr 100 på Lotto gir Norsk Tipping fem kroner til den mottakaren du sjølv har knyta til deg. Det er verdt å merke seg at det ikkje går av din innsats eller premie, men av overskotet frå Norsk Tipping.

Skulle du allereie ha valt eit anna lag eller foreining enn Stord kunstlag, står du fritt til å byte til oss som mottakar når som helst.

Me håpar alle medlemmane i Stord kunstlag vil støtta oss!