Medlemsutstillinga 2015

Medlemsutstilling3

Kunstlaget feirar 45 år med rekordutstilling

I år er Stord kunstlag 45 år, og feirar både med ny logo og rekordpåmelding til Medlemsutstillinga 2015.

Me har i år fått med koret Corona til å syngja og Ottar Tvedten, som i si tid laga logoen, til å vera med på opninga av Medlemsutstillinga torsdag 12. november kl18.00. Tvedten vil i lag med Cristiane Velloso Hamnes i kunstlaget fortelja om gamal og ny logo. Me håpar at med ny logo og strategi kan engasjere fleire publikummarar.

Utstillinga inneheld dei beste kunstverka til 30 av medlemmene i Stord Kunstlag. Nokre har vore med i fleire år, samt ein del som er heilt «ferske». Aldersspennet er frå 13 år til over 70 år.

Dei fleste verka er for sal og me reknar med at det vil vera noko for einkvar smak, foto, bilete, skulptur, teikning for å nemne nokre av uttrykka. Me er glade for at så mange stiller ut verka sine. Alle har sitt eige særpreg, og kombinasjonen av alle verka gjer dette til ein spennande utstilling.

Medlemsutstillinga er Stord kunstlag si mest populære utstilling. Den vert arrangert annakvart år og alle som er medlem er invitert til å stilla ut.

Utstillinga er open frå 12. november til 28.november, Tysdsg og torsdag frå klokka 18 til 20 og laurdag klokka 12 til 14.

Reklame

Bli med på medlemsutstillinga!

medlem333

No er det tid for påmelding til medlemsutstillinga vår 12. – 28. November 2015 i Stord kunstlag! Me håpar du vil bli med!

Alle som er medlemmar og som sjølve lagar kunst – som til dømes teikning, måleri, kunsthandverk, foto m.v. kan få stilla ut i lag med andre medlemmar i Kunsthallen i Stord kulturhus.

Ønskjer du å bli med på medlemsutstillinga vår ta kontakt på mail: stordkunstlag@gmail.com innan 22. oktober. Da vil me senda deg meir informasjon og lenke for påmelding på mail.

Ps: Om du kjenner nokon som vil delta på medlemsutstillinga som ikkje er medlem, kan dei også bli medlem ved å ta kontakt med oss!

Inga S. Søreide

Velkommen til utstilling: 19. september til 10. oktober i Kunsthallen, Stord kulturhus!

11228533_10152969903635807_238811663499765576_o

Opning laurdag 19. september kl. 12.00 Då vil Kunstnaren sjølv presentera kunsten. Dei som berre vil sjå sjølve utstillinga kan kome kl. 13.00.

Gratis på opninga.

Me oppmodar skular til å ta kontakt for å sjå utstillinga på dagtid. Kontakt: Kristine.thorkildsen@stord.kommune.no/ 97 55 20 99.

Elles ope: Tysdagar og torsdagar: kl. 18-20. Laurdagar: kl. 12-14

Inga S. Søreide (1982) er fødd på Stord, men bur i Bergen by. Ho jobbar innan eit mangfald av skulpturelle og todimensjonale utrykk, som ofte blir kombinert med installasjonar, objekt, film, teikning og måleri. Virket hennar er prega av det kroppsnære, sanslege og det menneskelege i møte med natur. Gjennom å ha ein eksperimenterande prosess og utforsking av materiale i kombinasjon med handverksbaserte tradisjonar, som modellering og støyping, blir objekta forma etter materiala sine eigne kvalitetar.

I det siste har ho jobba med problemstilling som handlar om overgangar, transformasjonar og spor. Tema som fenomenologi, metafysikk og ritual er sentrale.

Til utstillinga i Stord Kunstlag vil ho syna skulptur, måleri, teikning og video.

FOU-utstilling 10-14. juni

fou2015

Det er rundt 20 kunst og handverksstudentar som stiller ut FoU-oppgåver, og i tillegg er det 8 masterstudentar som er med på utstillinga med sjølvvalgt prosjekt.

Det blir mange ulike teknikkar: m.a. tre, grafikk, metall, foto, keramikk, tekstil, silketrykk og maling.

Offisiell opning er onsdag 10. juni kl. 18.00.

Ellers held me ope:
torsdag 18-20
laurdag 12-14
søndag 17-20

Eventyrlig. Gamle fortellinger i ny drakt. 28.mars – 5.mai

10448776_10152244515641319_6831736921945270402_n

Illustrasjonar av Askeladden, prinsesser og huldre kan du oppleva i kunsthallen i kulturhuset frå laurdag 28. mars kl. 12. Stord kunstlag har fått tinga utstillinga: «Eventyrlig. Gamle fortellinger i ny drakt» frå Nasjonalmuseet.

Kari Bolette Lundal frå Stord folkebibliotek, som i fleire år har dramatisert eventyr for barn, skal opne utstillinga.

I samband med 200-års jubileet for Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885) og Jørgen Moe (1813-1882) utvikla Nasjonalmuseet ei utstilling inspirert av museet si eige samling av eventyrteikningar.

Førmålet med utstillinga er å synleggjera illustrasjonane til dei norske folkeeventyra som ein viktig del av vår felles kulturarv og eit høgdepunkt i norsk illustrasjonskunst si historie.

Ved å knytta an til samtidige kunstnarar si visuelle tolkning av folkeeventyra bidreg me til at eventyra og illustrasjonstradisjonane lever vidare som ein essensiell del av vår kollektive kulturarv.

Utstillinga inneheld seks bannere, 16 vegghengte og innramma illustrasjonar, to bord, fire krakkar og eventyrbøker.

Asbjørnsen og Moes arbeid med dei norske folkeeventyra har vore viktig for språket vårt, litteraturen vår og den måten me tenkjer på.

Utstillinga «Eventyrlig. Gamle fortellinger i ny drakt», er i kunsthallen frå 28. mars til 5. mai.

«Arkiv: De ufullendte» av Kari Steihaug – Strikkeutstilling fram til 30. oktober

No er utstillinga opna! I tillegg har vi fleire arrangementa for store og små i kunsthallen, Stord kulturhus:

Strikkekvelder: Alle
14. (rutetøfler), 21. (rosa strikk) og 28. (klassisk strikk) okt. kl. 18-20.00: Temakveldar ved Ingun Teigelid (Ullkroken)

23.okt. kl. 18-20.00: Strikkekafé

Leik med garn: Barn
18. oktober, kl. 12-14.00:  workshop for barn


Sjå meir her:
https://www.facebook.com/events/324913684327501/

Screen Shot 2014-10-13 at 18.00.42

Haustutstillinga 2014 til Stord kunstlag fra 14. semptember

Me var en av 30 kunstlag i Noreg som fikk haustutstillinga: «Sekvenser – ny norsk videokunst fra Høstutstillingen».
Openingstid: 14. – 30. september, frå kl.9.00 – 20.00 (Ope så lenge kulturhuset er ope).

Om Høstutstillingens videoprogram
Videokunsten vi ser på Høstutstillingen viser stor bredde i uttrykk, og spenner fra det dokumentariske til eksperimentell fiksjon og narrativ kortfilm. Varigheten på videoprogrammet er mellom 45 til 60 minutter og antallet kunstnere og verk varierer fra år til år. Felles er likevel en unik evne til å formidle kunstneriske ytringer gjennom levende bilder. De sosiale og politiske spørsmålene kunstnerne tar opp speiler samtiden, og vi mener derfor at videoprogrammet har en direkte relevans for folk flest. Videoarbeidene som blir valgt ut til Høstutstillingen holder høy kunstnerisk standard i internasjonal sammenheng. I 2012 ble videoprogrammet for eksempel valgt ut som en del av Rencontres Internationales Paris/Berlin/Madrid, Noveau Cinema & Art Contemporain, en omfattende utstilling av videokunst og eksperimentell film vist på Palais de Tokyo i Paris. I 2013 inngikk Høstutstillingen et prøvesamarbeid med Norske Kunstforeninger som resulterte i at Høstutstillingens videoprogram for 2013 ble vist ved 26 kunstforeninger og kunstlag over hele landet høsten 2013 og våren 2014.

Meir info: https://www.facebook.com/events/1505512593012408/

10443988_10152228466261319_3193847422781246435_n