Kunstsamling

Stord Kunstlag har kjøpt kunst til samlinga si gjennom mange år. Samlinga er no omlag 70 kunstverk av mange slag. Me leiger ut desse kunstverka for ein billeg sum. Er du en privat eller offentleg bedrift og ynsker å leige? Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Desse kunstverka er lånt for ein periode på to år. Kunstverka er forsikra av Stord Kunstlag, men lånetakar må dekkje eventuell eigenlut ved skader, tjuveri og liknande Leiga som skal betalast, går til dekking av generelt vedlikehald av kunstsamlinga. Leiga vert kr 300 – kr 500 pr kunstverk for 2-års-perioden.

Her finner du vår Kunstsamling bilder