Medlemskap

Vil du bli medlem?

Det er enkelt å bli medlem hos oss, alt du treng er å betale medlemskontingent til kontonr. 3520 33 76810.

Merk betalinga med fornamn, etternamn og e-post!

Medlemskontingenter:
• Enkelt medlem: 250,-
• Familie medlemskap: 300,-
• Student og pensjonist medlemskap: 150,-
• Pensjonistpar: 250,-

 

Kvifor vera medlem hos oss?

Ved å vera medlem hos oss støtter du jobben vår med å gje flest mogleg tilgong til profesjonell kunst på øya vår! I tillegg til faste utstillingar rettar me og prosjekt ut mot barnehagene og skulane der me tilbyr gratis formidling, med støtte frå eininga Kulturtenester i Stord Kommune, som ein del av Den kulturelle skulesekken. Me samarbeider med Norske kunstforeninger og Nasjonalmuseet i Oslo, og fleire andre galleri både lokalt og nasjonalt.

Som medlem får du sjølvsagt gratis inngong til alle utstillingane våre. Me arrangerer ca. 4-5 utstillingar i året. Kurs i til dømes teikning/ måling prøver me og å få til! Annakvart år i november arrangerer me Medlemsutstilling. Her kan alle medlemmar i Kunstlaget melda seg på. Ein ypperleg sjanse til å syna seg fram og selja kunsten sin. Tradisjon tru arrangerer me Kvinnedagen kvart år med opning av Kvinneutstillinga 8. mars.