Bilde
Medlemsutstillinga | Opning: laurdag 18.11. kl. 12:00 | Kunsthallen
Medlemsutstillinga 2017: Utvidet påmeldingsfrist 15. oktober
Utstillingsopning 29. april
Medlemsutstillinga 2015
Kunstlaget feirar 45 år med rekordutstilling
I år er Stord kunstlag 45 år, og feirar både med ny logo og rekordpåmelding til Medlemsutstillinga 2015.
Me har i år fått med koret Corona til å syngja og Ottar Tvedten, som i si tid laga logoen, til å vera med på opninga av Medlemsutstillinga torsdag 12. november kl18.00. Tvedten vil i lag med Cristiane Velloso Hamnes i kunstlaget fortelja om gamal og ny logo. Me håpar at med ny logo og strategi kan engasjere fleire publikummarar.
Utstillinga inneheld dei beste kunstverka til 30 av medlemmene i Stord Kunstlag. Nokre har vore med i fleire år, samt ein del som er heilt «ferske». Aldersspennet er frå 13 år til over 70 år.
Dei fleste verka er for sal og me reknar med at det vil vera noko for einkvar smak, foto, bilete, skulptur, teikning for å nemne nokre av uttrykka. Me er glade for at så mange stiller ut verka sine. Alle har sitt eige særpreg, og kombinasjonen av alle verka gjer dette til ein spennande utstilling.
Medlemsutstillinga er Stord kunstlag si mest populære utstilling. Den vert arrangert annakvart år og alle som er medlem er invitert til å stilla ut.
Utstillinga er open frå 12. november til 28.november, Tysdsg og torsdag frå klokka 18 til 20 og laurdag klokka 12 til 14.