Utstillingslokale

I Kunsthallen i Stord Kulturhus har me dei fleste utstillingane våre. Kunsthallen er i under etasjen i Kulturhuset, med tilkomst via trapp eller heis i fra foajeen.

kunsthallen1 10052010kunsthallen 001

Kunsthallen er spesielt innreia for utstillingar og konsertar. Lokalet er sentralt og med lett tilkomst for både publikum og store installasjonar. Men med muligheter for å bringe tunge og store kolli inn i same plan, via vareinngang nede.

Kunsthallen er utstyrt med eit fleksibelt lys system, med justerbare spotlighter med muligheten til å dempe lyset. Veggene er kvit strie, eit materiale som gjer det enkelt å montere utstillinger. Ein liten utfording er tegl steinen i enden av lokalet.

Reklame