Vedtekter

VEDTEKTER TIL STORD KUNSTLAG: Vedtekter revidert årsmøte 2004

§ 1: Føremål:

Stord Kunstlag har til føremål, – ved utstillingar, foredrag eller på anna vis ? å arbeide for å vekkje interesse for og spreie kjennskap til biletkunst og kunsthandtverk. Kunstlaget ynskjer og på ymse vis å stimulere den skapande verksemda på desse områda i nærmiljøet. Likeeins skal laget vekkje ansvar for å ta vare på kunstnarlege og andre kulturelle minnesmerke i Sunnhordland.

§ 2: Medlemskap:

Einkvar kan bli medlem såframt han betaler den årlege kontingenten, Medlemskap kan skrivast ut til einskildpersonar, familiar eller lag/organisasjonar. Familiemedlemskap gjev same rett som for to einskildmedlemer ved røysting på årsmøte og ved nummertildeling ved utloddingar. Medlemskap gjev fritt tilgjenge til laget sine utstillingar og tilstellingar elles, såframt ikkje styret i det særskilde høvet har fastsett noko anna. Medlemene kan bli spurde om å vere med på ulike slag dugnadsarbeid for laget. Ein er medlem av laget til ein melder seg ut skriftleg. Utmelding må skje innan utgangen av året.

§ 3 Styret:

Årsmøtet vel eit styre på 7 medlemer med 3 varamedlemer. Dette styret leier laget. Det samla styret står ansvarleg for heile verksemda andsynes årsmøtet. Leiar og varamedlemer vert valde for 1 år om gangen. Dei 6 styremedlemene vert valde for 2 år, slik at ein vel 3 medlemer annakvart år.

Styret konstituerer seg sjølv og fordeler desse verva: Nestleiar Skrivar Kasserar Intendant Utstillingsleiar Informasjonsleiar

LEIAREN representerer laget, særleg andsynes offentlege styresmakter og andre institusjonar. har det overordna ansvar for at dei ulike oppgåvene i styret fungerer tilfredsstillande. fordeler oppgåver og arbeid på dei andre styremedlemene i den mon vedtektene ikkje utrykkjeleg fastset fordelinga. kallar inn til og leier drøftingane på årsmøtet og styremøta.

NESTLEIAREN tek over leiarpliktene nå leiaren har forfall. er laget sin faste kontaktperson med utstillande kunstnarar, og andre kunstorganisasjonar og institusjonar. er ansvarlege for innhenting av informasjon om kunstnarane. set opp framlegg til utstillingsliste, og sender kontrakt til utstillar. syt for lokale til utstillingar og andre tilskipingar.

SKRIVAREN fører protokoll for årsmøte og styremøta sender referat innan 1 veke til styremedlemene og varamedlemer skriv framlegg til styret si melding til årsmøtet er ansvarleg for laget sitt brev- og utklippsarkiv og laget sitt kontormateriell

KASSERAREN betaler/sender rekningar og er ansvarleg for å gje alle bilag til forretningsføraren. syt for det økonomiske oppgjerert i samband med utstillingar i samarbeid med nestleiar. ordnar forsikring til kvar utstilling/leverer utstillingskatalog til forsikringsselskapet à jourfører medlemslista og syt for at det blir kravd inn kontingent. syt for at rekneskapen blir avslutta pr 31. desember og straks lagt fram for dei valde revisorane.

INTENDANTEN er ansvarlege for kunst som laget eig, og fører liste over kunstverka. har ansvar for utstillingsrommet og vedlikehald og fornying av utstillingsmateriellet står for utlån av kunstverk og utstillingsmateriell, og syt for at leige for dette kjem inn.

UTSTILLINGSLEIAREN er ansvarlege for å ta i mot kunst til utstillingane, pakke ut og montere utstillingane. er ansvarlege for demontering, pakking og sending av utstillingane. syt for vaktordning ved utstillingane.

INFORMASJONSLEIAREN skal få laga og sendt ut innbyding til alle medlemene før utstilling skal syte for annonsering og omtale i aviser og andre aktuelle media. skal syte for laging og distribusjon av plakatar. syte for at katalog vert laga.

§ 4: Årsmøtet:

Årsmøtet er øvste avgjerdsorganet i laget. Ordinært årsmøte blir halde ein gong for året og innan utgangen av februar. Møtet blir kunngjort i lokalpressa minst 10 dagar før. Årsmøtet tek for seg: a) Årsmelding b) Revidert rekneskap c) Val av valnemnd på 2 personar for 2 år, etter innstilling frå valnemnda, men slik at ein vel ein ny person annakvart år. d) Val av 2 revisorar for 2 år etter innstilling frå valnemnda, men slik at ein vel ein ny revisor annakvart år. e) Val av styre etter innstilling frå valnemnda f) Fastsettjing av årskontingenten for inneverande år g) Muleg framlegg til vedtektsendringar. Desse må vere kunngjorde seinast saman med innkallinga til årsmøtet. Skal slik endring gjelde, må minst 2/3 av årsmøtet røyste for endringa. Ekstraordinært årsmøte skal innkallast med same varsel som ordinært når styret gjer samrøystes vedtak om det, eller 1/5 av medlemene i laget krev det skriftleg.

§ 5 Innkjøp og utloddingar:

Styret avgjer innkjøp av kunst. Etter avgjerd i styret blir innkjøpt kunst anten utlodda i medlemslotteri eller innlemma i laget si samling. Minst eit kunstverk som er kjøpt inn siste året skal loddast ut. Alle med verv (styremedlemer, varamedlemer, valnemnd, revisorar) kan kjøpa kunst til seg sjølv på Stord Kunstlag sine utstillingar, utan å betala provisjon til Stord Kunstlag.

§ 6 Oppløysing:

Dersom vedtak om oppløysing skal vere gylding, må framlegg om oppløysing vere kunngjort minst 3 veker før eit årsmøte. Minst 2/3 av dei frammøtte røystene må vere for oppløysing. I alle høve må talet på røyster for oppløysing vere minst like stort som halve medlemstalet. I fall oppløysing, skal mulege midlar og laget sitt arkiv og eignelutar elles overlatast Stord kulturstyre som må nytte desse midlane og eignelutane i samsvar med laget sitt føremål. det sist valde styret er ansvarleg for avviklinga.

Vedtatt på årsmøte 21.02.04

Reklame