Utleige av kunstverk: tysdag 4. juni kl. 10 – 12

Dei skular, barnehagar og institusjonar som er interesserte i å låna kunst for ein ny 2-års-periode, kan koma til kunsthallen tysdag 4.juni kl 10 – 12 for å velga ut nye kunstverk. Leiga vert kr 300 – kr 500 pr kunstverk for 2-års-perioden. Denne gongen vil me fordela etter ”først til mølla” – prinsippet, så kom tidleg og få med dykk dei beste verka!

Dei som har kunstverk frå samlinga vår, må levera dei inn mandag 3.juni mellom kl. 10 og 12.
Stord kunstlag opnar for at dei som ynskjer det, kan få kjøpe det kunstverket dei leiger i dag. Vi ynskjer på denne måten å få inn midlar til å kunne kjøpe inn ny kunst. Ta kontakt med underteikna dersom dette er ynskjeleg.

Samlinga kan de sjå her.

Ved spørsmål kontakt Gro Bommen ved å fylle ut kontaktskjema under eller ring 930 62 924.

Kommenter innlegget